Èin gong var eg sterk

Eg såg meg rundt

Vatn, strå

ei og anna larve

som symde ikring meg

leikte seg, trur eg

eller kanskje leita etter mat

Kva veit eg

som ein gong var sterk

.

Medan eg vaks

forandra verda seg

ikkje raskt

Sakte

Dei andre stråa strakte seg mot overflata

lik eg gjorde

men eg var først

Eg var sterk

.

Eg kjende forandringa

duft, ljos og vind

ei anna verd

tenkte eg

Eg fekk og ei kjensle av frykt

vinden røska i aksa mine

sola brann på ei anna måte

ljoset var skarpare

Eg kjende meg veikare

.

Dei andre stråa kom opp

mine venar

det gjorde godt

ei kjensle av tryggleik

venskap og latter

dei bøyde seg og i vinden

dei kjende òg forandring

Eg kjende meg sterk att

.

Den sommaren var god

eg trivdest

eg blei sterkare og høgare

eg vaks meg stor

eg herja med dei andre

vi spøkte og lo

vi græt tilsaman

når nokon drog

Å, for ei tid

eg kjende meg som ein konge

blant stråa

Eg var sterk

Eg var på høgda

.

Sola vart svakare

vinden bles meir

dei grøne trea mista blada

blomane falma

kva skjedde?

Eg var framleis sterk

men ei tvil kom snikande

vil verda endra seg?

Eg var framleis eit strå

men eg hadde aksar på skuldrene

Eg var stor

men likevel litt mindre

.

Brr, det blei kaldt

kva er det som hender?

Eg frys, eg skjelv

eg sit fast

Vatnet blei hardt

dei andre blei så stille

nokre venar døyr

vinden knekkar meg

aksa fell av

eg kan ikkje røra meg

eg tenkjer attende

på larva som symde

.

Ein gong var eg sterk

.

  • JE23

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..